Smitteverninformasjon for seminsesongen

For at vi skal kunne gjennomføre avlssesongen på Norsk Fjordhestsenter våren 2020 er det svært viktig at alle held seg oppdatert og følgjer gjeldande regler og anbefalingar for smittevern gjeve av offentlege helsestyresmakter og reglar ved Norsk Fjordhestsenter.

For å hindre smittespreiing har vi plassert seminhestar i eige område og auka reinhald på heile anlegget. Spesielt kontaktflater og toalett/ garderobe.

 

Besøkande må passe på følgjande:

  • Vask hender ved ankomst og avreise. Dersom de ikkje har med handsprit sjølv er det mogeleg å vaske seg på toaletta.
  • Avgrens tal personar som følgjer hestane.
  • Hald avstand og følg smitteråda frå FHI.
  • Unngå så langt det er mogleg å ta på dørhandtak og andre kontaktflater. Desinfiser fellesutstyr du brukar etter bruk. T.d. handtak på møkkagreip. Middel til desinfisering skal stå lett tilgjengeleg i ridehuset og stallen.
  • Ikkje gå unødig rundt i stallen og ridehuset.

Personar som er smitta av korona, er i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, har ikkje adgang til Norsk Fjordhestsenter.