Seminhingstar 2022

Norsk Fjordhestsenter tilbyr semin frå hingstane Fløgstad Glimt, Nygårds Gurven, Torstuens Eld og Trondmo Knerten. Hingstane vert tappa tre dagar i veka; måndag, onsdag og fredag. For bestilling av sæd må vi ha beskjed seinast kl. 09.00 same dagen som hingstane skal tappast.

Fløgstad Glimt

f. 2019, e. Birkelid Nimo u. Fløgstad Tuva ue. Dalargutt

Fløgstad Glimt vart stilt som nummer ein i kvalitet av treåringane under hingsteutstillinga på Nordfjordeid.

Dette sa dommarane om han: Oppsynt, langlagt hingst av god type. Velansatt, velforma hals. God bog. Noe umarkert manke. Langt kryss. Gode lår og underlår. Overbein VF. Ellers velstilte, gode bein. Veivinnende, ledig skritt og trav. Meget god galopp.

Eksteriørkarakterar: 8,5-8,5-8-9-8,5
Bruksprøvekarakter 8, lynnekarakter 9,5.

Fløgstad Glimt er etter Birkelid Nimo, som kjem frå ei slekt som har avla mange gode hestar. Dei utmerkar seg spesielt med å ha mange typesterke hestar.

glimtw

Nygårds Gurven

f. 2017 e. Fjell Finn u. Høylands Luna ue. Frederik Skovå

Nygårds Gurven vart vist på hingsteutstillinga i 2021, der han fekk 2. premie og vart stilt som nummer to i kvalitet. Sesongen 2021 var han utlånt til Sverige.

Dette sa dommarane om han i fjor: Hingst av elegant type. Godt uttrykk. Velansatt, velformet hals. Velliggende bog. Godt muskelsatt kryss. Små høver, tendens til parallellforskyvning. Padlende frambeinsføring. Aktivt, godt skritt. Ledig, veivinnende trav. God bæring, og god bruk av ledd i galopp. Hingsten ble nr. 2 av 11 i UB gruppen for hingster 4 år.

Han fekk følgande kommentar på si utvida bruksprøve, der han fekk samla karakter 8,4: Kjøreprøve: Langt, ledig skritt. Mister takt og balanse på bøyde spor i trav. Legger seg ikke til. Mister noe konsentrasjon. Slår seg noe fra bittet. Gode momenter. Rideprøve: Positiv hest med vegvinnende bevegelser. Godt presentert. Bakkeprøve: Foter seg meget godt - karakter: 9.

Nygårds Gurven har mange gode brukshestar i slekta, mellom anna farfar Kuling som startar høge klasser i dressur. Morfar Frederik Skovå har også avla mange gode brukshestar til sporten. Nygårds Gurven er berar av grått, og kan gje grå føl dersom hoppa også er berar.

gur

Torstuens Eld

f. 2017 e. Hildmann u. Torstuens Ivanna ue. Søljo

Torstuens Eld er Norges Fjordhestlag sin linjehingst, og er plukka ut fordi han har ei stamme utanom det vanlege.

Torstuens Eld fekk 2. premie og vart stilt som nummer to i kvalitet under årets hingsteutstilling.

Dette sa dommarane om han : Tiltalende hingst av god type og modell. Uttrykksfullt, pent hode. Velformet hals. God manke. Steil skulder. Lang lend. Godt muskelsatt og godt vinklet kryss. Tåvid HF, trange høver, ellers føre bein. Noe trang bakbeinsføring. Ledig, godt skritt og trav. Galopp med god bæring, men noe stum overlinje.

Torstuens Eld vart nummer to av tre hingstar på utvida bruksprøve, med ein bruksprøvekarakter på heile 8,55. Dommarane skriv at han er ein våken, triveleg hest som samarbeidar godt.

Torstuens Eld høyrer til den sjeldne hingstelinja frå Valebu gjennom Bjutan Bruse. Faren hans, Hildmann, er død og har ingen andre kåra søner i live. Mor, Torstuens Ivanna, høyrer til ein liten hoppefamilie frå Rogaland, der det berre er sju hopper att. Dette er bakgrunnen for at han er vald som linjehingst i år.

Torstuens Eld er gentesta, og kan ikkje gje grå eller raudblakke avkom.

eld

Trondmo Knerten

f. 2019 e. Birkelid Tullen u. Finslands Litagrå ue. Lunner Per

Trondmo Knerten vart kåra på hingsteutstillinga i 2022. Dette skriv dommarane om han: Hingst av bra type. Velforma, men noe grov, kort hals. Sterk i lend og ryggparti. Små høver. Tendens til sabelbeint. Moderat x-beint. Trang frambeinsføring i skritt, noe bedre i trav. Korte, uengasjerte bevegelser i skritt. Bra trav. Kort galopp på framparten. Kåret med vekt på farge og stamme.

Han fekk 9 på lynne og 7 på brukseigenskapar.

Trondmo Knerten er eit resultat av hoppelinjeprosjektet til Norges Fjordhestlag, og har ein innavlsgrad på 6,55. Dette er under snittet i populasjonen. Han er grå, og alle avkomma hans vil vere berarar av grått gen.

knerten