Kvart år vert det arrangert utstillingar for både hingstar, hopper, vallakar og unghestar. Hingsteutstillinga for fjordhest finn stad på Nordfjordeid i mai kvart år, medan andre fjordhestar kan visast på utstillingar landet rundt. Terminlister for utstillingar finn du på nettsidene til Norsk Hestesenter.

På grunn av koronapandemien er det ikkje hingsteutstilling på tradisjonelt vis i 2020. Les meir på Norges fjordhestlag sine sider om korleis avlsgodkjenning vert gjennomført i år.

 

Kva skjer ei utstilling?

På ei utstilling vil hestane verte dømde ut i frå måla i avlsplanen. Dei vil få karakterar på følgande moment: type og preg, kroppsbygnad og muskulatur, beinstilling og beinkvalitet, rørsler og heilheit eksteriør. Det er ei skjønnsvurdering frå dommarane si side som avgjer kva for premiegrad den enkelte hest oppnår. Dommarane kan også velje å sette hestar i kvalitet. Dette vert gjort med dei hestane dommarane meiner har tatt seg ekstra godt ut den dagen, og det er opp til dommarane kor mange hestar som skal stå i kvalitet i kvar klasse.

Under eksteriørbedømminga skal ein vise hesten i skritt og trav, samt stille opp hesten for dommarane slik at dei kan sjå på eksteriøret og beina til hesten. Det er viktig å trene på dette før utstillingsdagen, slik at ein får vist hesten frå si beste side.

Vaksne hestar som ikkje har premiegrad frå før, må også vise ei bruksprøve. Hopper og hingstar må gjennomføre køyreprøve, medan vallakar kan velje mellom køyre- og rideprøve. Hopper kan også velje å vise rideprøve. Dette er ikkje obligatorisk for premiegrad, men kan gi ein høgare karakter på brukseigenskapar.

Hingstar opp til og ed to år og hopper opp til og med tre år kan visast på unghestskue. Her er det ikkje krav om bruksprøve, det er berre eksteriøret på hesten som vert dømd.

Hopper kan visast på hoppeutstilling frå og med det året dei er tre. Hoppene må gjennomføre ei godkjend køyreprøve for å kunne oppnå premiegrad.

Vallakar kan visast frå det året dei fyller tre år. For å kunne oppnå premiegrad, må vallakane gjennomføre køyre- eller rideprøve.

Hingstar kan visast på hingsteutstilling og oppnå kåringsgrad frå og med det året dei fyller tre år. Også hingstane må ha ei godkjend køyreprøve for å kunne verte kåra, og kåra hingstar må seinare inn til ei utvida bruksprøve for å kunne oppnå premiegrad.