Sommaraktivitetar

Kvar sommar arrangerer Norsk Fjordhestsenter rideturar i fjellet og andre opplevingar med hest. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element. I tillegg er det korte turar, omvisingar ved Norsk Fjordhestsenter og ridetimar i ridehallen. Alle er velkomne innom for ein hesteprat og for å sjå på anlegget. Aktiviteten vil variere alt etter kor mange hestar som er på beite og andre oppgåver ved senteret.

Trykk her for booking av sommaraktivitetar

Omvisingar for grupper

Presentasjon av fjordhesten og omvising på Norsk Fjordhestsenter. For grupper kan vi skreddarsy opplegg og tilpasse tidspunkt.

Bestill på førehand på booking@norsk-fjordhestsenter.no eller på telefon 57 86 48 00. Norsk Fjordhestsenter tilbyr også skysskøyring med fjordhest, tek imot grupper og skreddarsyr andre aktivitetar. Ta kontakt for ledige datoar og prisar.