Utleige

Norsk Fjordhestsenter leiger ut ridehallar, utebane og kantine. Ta kontakt på post@norsk-fjordhestsenter.no eller telefon 57 86 48 00 dersom du ønskjer avtale om leige.

Enkeltpersonar som ønskjer å bruke hall og ridebane må kjøpe hallkort. Dette er inkludert i prisen for dei som er oppstalla ved senteret.

Ridehallar 

Vi har to ridehallar som vert leigd ut samla eller kvar for seg. Dersom ein leiger ein hall til aktivitet som gjer at ein ikkje kan nytte hest i den andre hallen må ein leige begge hallane.

Leige ein ridehall per dag 950 kr uten mva
per time utover 7 timar 100 kr uten mva

Leige begge ridehallar per dag 1700 kr uten mva
per time utover 7 timar 200 kr uten mva

Leige ein ridehall, 1 time, 270 kr uten mva

Utebane

Leige utebane, 4 timar 300 kr uten mva

Leige utebane, 1 time 100 kr uten mva per time

Kantine

Leige av kantine 500 kr uten mva per gong