Reglar for bruk av ridehallar og utebane

Vis omsyn

Passering av møtande ryttar skal alltid skje venstre hand mot venstre hand.

Ikkje «parker» på frikantsporet.

Lei/ skritt ned innanfor firkantsporet.

Rydd opp

Sett hindermateriell tilbake på plass rett etter bruk.

Fjern møkk rett etter kvar økt! Bruk bøttene i hjørna av hallane.

Private ryttarar skal alltid fjerne møkk etter sin hest rett etter ein er ferdig med ridinga.

Fjern møkk etter din hest på tunet og parkeringsplass.

For å ha tilgang til bruk av ridehallane skal brukarane ha gyldig hallkort/ klippekort. Hallkort får ein ved å kontakte Norsk Fjordhestsenter (post@norsk-fjordhestsenter.no). Hallkort er inkludert for dei som er oppstalla ved senteret.

Det er ikkje lov til å longere eller laushoppe hestar utan nærare avtale med Norsk Fjordhestsenter.

Instruktør skal alltid vere til stades ved sprangriding. Alle instruktørar skal ha avtale med Norsk Fjordhestsenter.

Hundar har ikkje tilgjenge i ridebana. Det er bandtvang på heile senteret heile året!

Musikkanlegget skal berre nyttast etter avtale, og skal alltid låsast inn etter bruk.

Eigar/ brukar må erstatte skade på utstyr/inventar.

Ridehallane og stallen stenger kl. 22.00. Etter dette tidspunkt er det ikkje lov å opphalde seg/drive med aktivitet der eller i stallen.

VED BROT EIN ELLER FLEIRE AV REGLANE KAN RYTTER/HESTEANSVARLEG BLI BORTVIST FRÅ HALLEN.