Unghestskulen 2020

 1.samling blir onsdag 30.september kl. 18.30.
Slepp av unghestar i tilpassa grupper. Leietrening for føla og  tømmekøyring for unghestar generelt. Fokus på hestane sitt hald, foring, hovstell og parasitt behandling. Måling av hestane og registrering.

2. samling blir onsdag 14.oktober kl.18.30.
Slepp i grupper. Miljøløype. Kort innføring om mønstring av hest på utstilling. Førebuing til føllskue.

3. samling blir onsdag 04. november kl.18.30.
Slepp i grupper. Vurdering av hald og eksteriør. Kort innføring i dømmesystemet. Trening i å gå på hengar. Manking av fjordhest.

4.samling blir onsdag 26. november kl.18.30.
Slepp i grupper og gjennomkøyring av ei miljøløype. Registrering av hold og vurdere foring. Markering av kursslutt med sosial samling.

Vi håpar at mange vil delta, og at vi får med dei unge og nye samt dei meir erfarne hesteeigarane. Redusert pris dersom du har med meir enn ein unghesthest. 

Meld på unghesten dine her!