Filma info om utvida bruksprøve

I år vert det ein ny modell for utvida bruksprøve under hingsteutstillinga. Hingsten Søljo med eigar Runa Smedsmo frå Lom var tidleg i januar med å lage infofilm for dei som skal førebu seg til prøva. 

Førebuinga til årets hingsteutstilling er i full gang. Både smittesituasjonen og etterslepet frå dei hingstane som ikkje fekk møte til utvida bruksprøve i 2020 gjer at ikkje alt kan gjerast akkurrat som vanleg, men det vert utstilling og dei som planlegg å delta må førebu seg som vanleg.  Ein reknar med at det kjem meir informasjon ut til utstillarane i løpet av februar. Terminliste ligg her. 

I tillegg er det gjennomført evaluering og endringar i utvida bruksprøve. Dei største endringane er at laushopping er tatt vekk frå utvida bruksprøve, lausmønstring vert  ein del av eksteriørbedømminga og køyredelen vert no gjennomført i ein del. Det er valfritt om ein vil bruke maraton- eller arbeidssele, og ein kan køyre med tohjuls- eller firhjulsvogn. Les meir på Norges Fjordhestlag sine nettsider. 

Norges Fjordhestlag hadde invitert Frank Skubberud og Knut Karlsen til Norsk Fjordhestsenter i lag med Søljo og Runa Smedsmo, for å lage informasjonsfilm om innhaldet i utvida bruksprøve. 
137202900 733384037313148 3322907053038104019 n
- Vi vil gjere det lettare å hingsteeigarane å setje seg inn i kva denne prøva krever, og kva dommarane ser etter, seier leiar i Norges Fjordhestlag Hege Sæther Moen. Ho meiner dette vert eit godt verktøy, og er ekstra viktig i år. Både det at prøva er ny, og at mange av dei som møter til UB ikkje har vore gjennom ei ordinær utstilling krev at ein er flink å informere dei som kjem.

I informasjonsfilmen vil ein få sjå alle delane av prøva med kommentarar. Denne vert gjort tilgjengeleg i byrjinga av februar.