Ridehallane er opne

For dei med hallkort er det mogeleg å nytte ridehallane frå 3. april. Alle må følgje Norges Rytterforbund sine koronavettreglar og vanlege smitteverntiltak.

Hugs:

Maks fem personar i ridehallen samtidig.
Minimum 2 meter avstand til folk og dyr.
Bruk hanskar.
Bruk eige utstyr. Dette må vere reingjort.
Vask over hindermateriell etter bruk.

Treng du hallkort?
Du finn dei i Vipps-butikken vår #90788