Ridekurs

Norsk Fjordhestsenter arrangerer ridekurs gjennom skuleåret. I tillegg til riding skal elevane lære seg å handtere hestane i ulike situasjonar. Stell og klargjering av hestane er ein sjølvsagt del av kurset. Kursa og gruppene vert tilpassa elevane, deira nivå og utvikling. Ridekursa vert undervist av utdanna ridelærar. 

Vi nyttar fjordhestar og nokre dølahestar i undervisninga. Dette er erfarne skulehestar som også tek del i undervisninga ved Fjordane folkehøgskule og sommaraktivitetar ved Norsk Fjordhestsenter og på Langedrag. 

 

 

 

 

Praktisk informasjon

Nødvendig utstyr:

  • Sko med hæl (t.d støvlar)
  • Bukse utan saum (t.d joggebukse eller tights. Det er ein fordel med lange sokkar eller høge støvlar/ridestøvlar dersom du brukar ei tynn bukse eller tights)
  • Godkjent ridehjelm. Dersom du ikkje har hjelm kan du leige med senteret
  • Det kan fort bli kaldt i stallen så det er ein fordel med tynne hanskar

Vi har nokre få sikkerhetsvestar å låne ut, men oppfordrar alle som skal gå på rideskulen å kjøpe sin eigen. 

Vi skal være ein del i stallen og stelle hesten og det er derfor lurt å ha på seg kle som kan bli skitne og hårete.

 

Vårkurset startar opp i veke 5. Bruk linken for påmelding:

https://www.deltager.no/ridekursvaar21