Oppstalling

Norsk Fjordhestsenter tilbyr oppstalling for alle typar hest i vår stall. Vi har 46 boksar tilgjengeleg og eigen hingstestall og seminstasjon. Gjennom skuleåret har vi eit godt samarbeid med Fjordane folkehøgskule og hestelinjene der. Skulen leiger anlegg og skulehestar frå senteret og vi samarbeider svært tett. Mellom anna har mange av elevane som har med eigen hest oppstallingsavtale her.

Oppstalling inkluderer:

  • Kraftfôr og grovfôr
  • Flis
  • Tre fôringar per dag gjennom den ordinære stalltenesta
  • Tilgang ridehall/utebane på ledig tid (hallkort kostar normalt 700 per mnd)
  • Bruk av vaskespilt

Vi har eigen stasjonsveterinær med god kompetanse på hest. Alle hestar som vert stalla opp hos Norsk Fjordhestsenter skal ha gyldig vaksinasjonsattest.

Prisar   

Oppstalling, ordinær nasjonal rase 4200 kr inkl mva per mnd.
Oppstalling, ordinær andre raser 4650 kr inkl mva per mnd.
Oppstalling, elev FFHS nasjonal rase 3900 kr inkl mva per mnd.
Oppstalling, elev FFHS andre raser 4350 kr inkl mva per mnd.
Stell av hest i feriar o.l.  120 kr inkl mva per døgn

Leige av klippemaskin 400 kr inkl mva

Leige av vaskespilt 150 kr inkl mva

Ta kontakt på post@norsk-fjordhestsenter.no eller telefon 57 86 48 00 dersom du ønskjer oppstalling.