Velkomen, Mirakel!

Ordføraren var på plass då julegåva Asplunds Mirakel kom til Norsk Fjordhestsenter. - For ein nydeleg hest, sa han og ønskte den gulblakke toårshoppa velkomen. 

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, er glad for alle nye innbyggjarar, men ville gjere litt ekstra stas på Mirakel.
- Vi er så heldig å vere vertskap for det nasjonale senteret for fjordhest, og det er ekstra kjekt at ein no har alle dei godkjente fargane på stallen, seier han. 

Gulblakk er det sjeldnaste av fjordhestfargane, og har ikkje berre heilt lys farge på pelsen, men også lys stripe (ål) i manen og over ryggen. Det er kring 0,5 prosent av fjordhestane som vert gulblakke. 

No skal Mirakel få nokre veker til å finne seg til rette i lag med alle fjordhestane ved senteret, før opp ho startar trening før utstillingssesongen etter jul. 

Det er kremlikørselskapet Fjording som har gitt hoppa i gåve til senteret. Der skal ho både brukast i avl og formidlingsarbeidet. 

Les meir om fjordhestfargane her.