Sommarjobb med fjordhest

Norsk Fjordhestsenter driv turistaktivitet og seminstasjon i tillegg til vanleg stalldrift frå mai til august, og treng flinke hestefolk som kan arbeide hos oss i sommar. 

Vi kan tilby ein aktiv sommar i lag med hestane våre og kjekke gjester som deltek i våre aktivitetar, og søkjer deg som:

  • Har hjarte for fjordhesten
  • Er aktiv brukar av hest
  • Vi vere med å lage gode opplevingar med fjordhest
  • Har god kjennskap til stallarbeid

Arbeidsstad er Nordfjordeid. Arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast. Løn etter avtale.

Send søknad med CV  til Norsk Fjordhestsenter på epost: post@norsk-fjordhestsenter.no innan 18. mars 2021.